AKTUELT / Meldinger
(annonse)

Denne side publisert
17. oktober 2009

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger
Artikler

Arkiv
SØK


Nye MELDARAR

Frykt for at feil meldar skulle få kritikarjobben, fekk fleire teatersjefar til å ringe Aftenpostens Knut Olav Åmås, skal vi tru avisa.

- Fleire har teke kontakt og ivrig fortalt at det ikkje er nokon teatermeldingar som tyder meir for publkum si interesse for oppsetningene ved dei store scenene i Oslo enn nettopp våre, seier kulturredaktør Knut Olav Åmås til kollega Mala Wang-Naveen i Aftenposten.

Bjørneboe
Aftenposten har engasjert tre nye teatermeldarar: Therese Bjørneboe (46) har tidlegare vore meldar i Klassekampen og skal ta for seg framsyningar i Oslo, Charlotte Myrbråten (26) får oppdraget i Bergen, og Frida Holsten Gullestad (33) i Trondheim.

Therese Bjørneboe er også redaktør for Norsk Shakespeare- og Teatertidsskrift, og vil framleis ha denne jobben. Kulturredaktør Åmås ønsker seg også meldarar i Stavanger og Tromsø.


Kjelde:
Ny teateranmelder. Av Mala Wang-Naveen. Aftenposten 17. oktober 2009


Teaternett formidlar nytt frå norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noko der du er - send oss eit tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no