| Uredigert
pressemelding fra Noregs Ungdomslag
La jungeltelegrafen
gå!
6.-12. juni pluggar vi inn
Norsk Amatørteaterfestival 2005 på Det Norske Teatret!
Noregs Ungdomslag
inviterer til 15 kurs i mellom anna regi, musikal, sminke, dyrekarakterar og
dans. Under festivalen har 9 grupper framsyning i Prøvesalen på Det Norske
Teatret, du kan nyte føremiddagen med Lunsj og Lyrikk i teaterbistroen, gå
på festivalfest og seminar om teater og politikk.
Grip sjansen
til ny kunnskap og gode teateropplevingar
Heile festivalprogrammet
ligg på
www.teaterfestival.no. Nedanfor finn du ein oversikt over alle kursa.
Det er kurs i tidsromet
laurdag 11. juni kl. 09.00-16.00 og sundag 12. juni kl. 09.00-17.00.
A) Kurs i
regi med utgangspunkt i tekst og musikal
Kurset gjev øvingar på
korleis regissør og skodespelarar kan jobbe fram ein scene ut frå personlege
føresetnader. Gjennom praktisk arbeid og drøfting gjev kurset innføring i
teoriar og teaterfaget.
Instruktør: Sigve Bøe. Bøe
er skodespelar, songar og instruktør og er tilsett ved DNT.
B) Forteljing
Kurset er sett saman av
øvingar og leikar. Utgangspunktet er deltakarane sine eigne forteljingar -
historier frå eige liv kor det kan lygast og stelast fritt. Kurset tek òg
for seg eventyrforteljingar og andre historier.
Instruktør:
Ragnhild Hilt. Hilt
er skodespelar og forteljar og tilsett ved DNT.
C) ”I
byrjinga var handlinga….”
Ein workshop kor ein tar i
bruk fysiske verkemiddel innanfor teatret.
Kombinasjonen av fysisk
teater og tradisjonell tekstformidling gjev framsyningane eit rikt
utgangspunkt for å fortelje ei historie.
Instruktør: Anna Dworak.
Dworak er kunstnarleg leiar av teaterkompaniet Krement X, som jobbar med
fysisk teater og bruk av video og film på scena.
D)
Utvikling av manus/framsyning – inspirert frå ein roman eller novelle
Kurset vil ta utgangspunkt
i eit tekstutdrag frå ein roman eller novelle og vise korleis dette kan
inspirere fram ei framsyning på teateret.
Instruktør: Paul-Ottar
Haga. Haga er tilsett som skodespelar ved DNT.
E) Musikal
Korleis få fram ei god
musikalrolle? Deltakarane tar med seg 3-4 solist- eller duettsongar frå
musikalrepertoaret som er øvd inn på førehand. Kurset vil ta utgangspunkt i
songane og utvikle presentasjons- og songteknikk.
Instruktør: Paul Åge
Johannessen. Johannessen er
songar og skodespelar ved DNT.
F)
Forteljing i slåtte- og folkemusikk
Spelefolket har ein lang tradisjon i å formidle levande historier med musikk
og fargeleggje dei med forteljingar. Med utgangspunkt i eit utval slåttar og
folketonar deltakarane har med seg, vil ein vidareutvikle forteljingane og
sette musikk og ord saman til ei framsyning.
Instruktør med brei
erfaring innan spel og forteljing.
G) Folkedans
på scene
Kurset gjev ei innføring i
korleis ein ved bruk av ulike formidlingsteknikkar kan lage ei heilskapleg
framsyning av folkedans. Sentrale tema er overgonger, enkle
skodespelarteknikkar samt dansaren sitt medvit om seg sjølv og
publikum.Instruktør: Torunn Hernes Bjerkem.
H) Bunad –
den fabelaktige historia
Vi
skal skape den gode forteljinga, med bunad som utgangspunkt. Dette er kurset
for trauste og mindre trauste bunadsinteresserte damer og menn som vil gjere
forteljinga om bunaden sin til ei forrykande historie.
Instruktørar: Mette
Vårdal, etnolog og forelesar på universitetsstudiet Drakt og samfunn. Mette
får med seg ein instruktør frå ”humor-bransjen”.
I)
Skodespelarteknikk for gutar - Frå Romeo til James Bond
Kurset tek føre seg
korleis du som skodespelar kan utvikle mannlege karaktertypar ved hjelp av
ulike teknikkar.
Instruktør med brei erfaring som skodespelar.
J)
Skodespelarteknikk for jenter - Frå Julie til Evita
Kurset tek føre seg ulike
kvinnetypar og korleis du som skodespelar kan bygge opp dine eigne
karakterar gjennom ulike dramatiske utrykk.
Instruktør med brei erfaring som skodespelar.
K) Kurs i
dikt- og verslesing
Deltakarane tek med seg 2-3 dikt, vers eller kortare tekstar som er øvd inn
på førehand. Kurset vil ta utgangspunkt i desse tekstane og utvikle ei
framføring.
Instruktør med brei erfaring som forteljar.
L) Sminke
Kurset er for personar som
ynskjer meir kunnskap om maskelegging, karaktersminke, scenesminke og
dyremasker ved bruk av teatersminkeprodukt som vann-, cake- og feittsminke.
Kurset tek òg føre seg sminkeeffektar, ved bruk av materiell som voks,
lateks og blod.
Instruktør:
Torild Bratten. Bratten er tilsett som maskør på DNT.
M)
Lys i teatret
Kurset gjev ei innføring i
grunnleggande prinsipp for bruk av lys- og lydutstyr i teatret, med
hovudvekt på lys. De vil få kunnskap om korleis ei scene kan lyssetjast og
tips om korleis ein kan lage stemningar og skape handling med hjelp av lys.
Under kurset vil de også få lære om sikkerheit og vedlikehald av teknisk
utstyr i teatret.
Instruktør: Tryggve Øverås Ildahl. Ildahl er tilsett som lysdesigner på DNT
N) Dyrekarakterar – Frå Reveenka til Morten Skogmus
Dyr finst i teatret både som menneskeleggjorte karakterar og som inspirasjon
for mennesketypar i teatret. Deltakarane vil få ei innføring i
karakterbygging ved bruk av kroppsspråk, rørsle og konsentrasjon. Kurset
passar for barn, unge og vaksne.
Instruktør: Ebrahim Aghazadeh.
Aghazadeh er
sceneinstruktør i Nordland.
O) Dans frå ulike kulturar
Mange kulturar har sine eigne danseutrykk. Dansen vert og nytta ulikt i
ulike kulturar – som oppvisning, forteljing, samvær og som utrykk for
kjærleik. Dette kurset vil gje deg innføring i ulike dansar frå fleire
verdshjørne.
Kurspris:
NU-medlemmar kr. 700,- andre kr. 800,-.
Påmelding:
Gå inn på
www.teaterfestival.no for å finne påmeldingsskjema, eller ring
NU-kontoret på tlf 22 47 70 00 for å få tilsendt brosjyre, eller send ein
mail til
ida@ungdomslag.no.
Vil du sikre deg plass?
Send påmelding snarast og innan 11. april.
Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater.
Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi
forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere
innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe -
send oss en pressemelding! Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no |