|
(annonse) |
|
Uredigert
pressemelding fra Nordic Black Theatre, Det Norske Teatret og Noregs Ungdomslag Til Norge der kjærleik ventar
Samarbeidsteaterprosjekt mellom Nordic Black Theatre, Det Norske Teater og Norsk Ungdomslag Premiere torsdag 21. juni kl. 20.00 - prøvesalen, Det Norske Teater Fredag 22. juni kl. 10.30 og 19.00
Mange kvinner har teke denne reisa. Kvinner som grunna kjærleik har bestemt seg for å flytte til Noreg. Seks kvinner frå seks ulike land lagar no eit teaterstykke om møtet med ein norsk mann og den norske kulturen. I juni inviterer dei til urpremiere på Til Noreg der kjærleik ventar under Norsk Amatørteaterfestival i Oslo.
At mange nordmenn vel ei utanlandsk kone er forståelig. Ei kvinne frå eit anna land er annleis. Ho kan vere eksotisk, varm, mørk, mjuk, elskverdig og trufast. Men kva er eigentleg grunnen til at kvinner frå andre land vel ein nordmann? Historiene til kvinnene som no bur i Noreg på grunn av ein nordmann er vakre og bør forteljast.
Til Noreg der kjærleik ventar blir spelt under Norsk Amatørteaterfestival på Det Norske Teatret 21.-22. juni. Det er Noregs Ungdomslag som arrangerer festivalen i samarbeid med Det Norske Teatret.
|