Fella, Alice og mor
Hvis ingen går i fella...
Premiere på familieførestellinga i morgon!
Sju små mus prøver å få tak i osten utan å gå i fella. Vil alle få lov å feira jul
igjen, utan å skuffa Alf Prøysen? Sinte-musa slit med temperamentet sitt, Jær-musa
burde setja flaska på hylla ein gong for alle og Kamikaze-musa jobbar med å bli frisk
igjen etter forrige møte med musefella. Frå 12. oktober kan store og små oppleva ekte
prøysensk julestemning i Teaterkafeen! Med Hvis ingen går i fella... feirer take
away-teater på Rogaland Teater 10-årsjubileum.
Alice
Ok. Ok. Du har gått ned et hål. En slags - vel, det heter kaninhål. Ergo, øhm, ørene.
Du kommer til å finne løsningen. Tenk på det som et rebusløp eller en skattejakt eller
noe sånt -
Det er ei rar verd Alice plutseleg har kome inn i. Korleis skal ho finna hjartet for å
koma seg heim igjen? Og vil ho nokon gong koma over tapet av broren? 48 unge skodespelarar
frå Barne- og ungdomsteatret gir deg humor, skateboard, hiphop og hatteklasking,
kombinert med sjukeleg tedrikking, dårleg korttidshukommelse og uforståelege dikt.
Velkommen til vårt moderne eventyrland, ein hyllest til fantasiens kraft.
Noregspremiere på Hovedscenen 14. og 15. oktober. Nedre aldersgrense 6 år.
Mor: Eg konne vel tenkt meg å gå heile Den kinesiske mur.
Få med deg Sally Nilsson og Randi Tytingvåg i eit konfliktfylt og turbulent
mor/dotter-forhold. Dette blir ei musikals reise inn i morsrolla, der Tytingvågs
fantastiske musikk legg ramma for ei sterk og rørande historie. Minne frå fortida kjem
for dagen midt i flyttesjauen, og ruskar tak i eit forhold fyld av kjærleik og hat.
Premiere på Mor: Eg konne vel tenkt meg å gå heile Den kinesiske mur er 22. oktober i
Teaterhallen.
Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra
norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for
motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å
publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert!
Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no