AKTUELT / Pressemeldinger
(annonse)

Denne side publisert
11. juni 2012

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Ferie og fritid
Arkiv
SØK


Uredigert pressemelding
fra Åmot Operagard

Noregspremiere på operaen Orlando av Händel på Åmot Operagard

For fyrste gang i historia skal dette meisterverket av G. F. Händel setjast opp i Noreg. Orlando vert iscenesett på den intime vestlandsløa på Åmot Gard i Sogn og Fjordane. Dei vel hundre publikumarane som får plass i løa kvar kveld får operasongarane nesten i fanget. Dei finn seg langt unna all plysjen og gullet som vanlegvis pregar operascenane. Her er det rå tømmerveggar og grisetrau som gjeld.

I hovudrolla som Orlando finn ein den internasjonalt annerkjende kontratenoren og Händeleksperten Drew Minter (USA). Minter er rekna som ein av verdas leiande kontratenorar, og har gjesta operahus verda over. Han har bak seg over 60 CD innspelingar. Hans siste innspeling A Wind Blows from the East har hausta fantastiske kritikkar mellom anna i musikkmagasinet Gramophone. Dette er fyrste gangen han gjestar Noreg.

Regien er ved den unge operaregissøren Erlend Samnøen. Med seg har han eit ensemble av musikarar og utøvarar sett saman av lokale, nasjonale og internasjonale artistar.

I Åmot Operagard si tapping av Orlando (1733) kjem fem velståande Italienarar til Åmot for å oppleva den norske gardsturismen med laksefiske og lokale mattradisjonar. Når seinsommarsola går ned over den vesle garden samlar dei seg rundt bålet med gitaren og songen. Det heile startar i idyll, men noko skjer. Nokre sender lange blikk etter nokre andre, andre vert sjalu og brått er dramaet er i gang.

Framsyninga vert spela 23. - 26. august kl 18.30.

Regi: Erlend Samnøen.
Musikalsk leiing: Rachel Fuller (New Zealand)
Ny scenetekst: Maria Tryti Vennerød (Noreg)
Produsent: Åmot Operagard v/ Steinar Sørli og Yngve Brakstad
Medverkande:
Orlando: Drew Minter (USA)
Dorinda: Ann-Helen Moen (Noreg)
Angelica: Hulda Bjørk (Island)
Medoro: Catrin Jonnson (Sverige)
Zoreastro: Patrick Egersborg (Noreg)
Skodespelar: Morten Espeland (Noreg)

Framsyninga er støtta av:

Norsk Kulturråd, Nordisk Kulturfond, Fritt Ord, Fond for lyd og bilde, Fond for utøvende kunstnere, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebanken Vest, Grieg foundation, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Bergersens Allmenyttige stiftelse, Spar Sande.

Kontaktinformasjon: Steinar Sørli tlf 97 16 07 04

Steinar@operagarden.no

Dette stoff formidler NTB for andre.
Meldingen og vedleggene er også tilgjengelig på vårt nettsted:
www.ntbinfo.no

Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no