Beaivvá med grøssar
Rapparen Slincraze og eks barneTV-onkel Ánte Siri har fått heilt nye utfordringar.
GJESTESPEL SØLVVANNET / SILBAJÁVRI
TYSDAG 6. OG ONSDAG 7. NOVEMBER KL. 19.30
SCENE 3, DET NORSKE TEATRET
Dei todebuterer som skodespelarar i grøssar-framsyninga som gjestar Det Norske Teatret i
november. Her speler dei to av fire ungdommar som dreg på tur for å leite etter ein
vidgjeten skatt ved Silbajávri Sølvvannet.
Men Sølvvannet gøymer ein løyndom, ein løyndom ein ikkje burde grave for djupt etter.
Det som skulle bli ei hyggeleg helg endar opp i ein kamp på liv og død omgitt av
mystisk skodde, Sølvvannets tunge spøkjelse, eit myrda spedbarn og klangen av ein
fortapt sølvamulett som slår mot ruste jarn.
Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra
norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for
motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å
publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert!
Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no