AKTUELT / Pressemeldinger
(annonse)

Denne side publisert
31. desember 2012

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Ferie og fritid
Arkiv
SØK


Uredigert pressemelding
Det Norske Teatret

Språkåret 2013 & Det Norske Teatrets 100-årsjubileum

2. JANUAR KL. 19.00

KILDEN TEATER- OG KONSERTHUS, KRISTIANSAND

Festframsyning: Språket er huset til det som er

Opning ved kulturminister Hadia Tajik

2. januar 1913 gjekk teppet opp for den aller første framsyninga i regi av Det Norske Teatret. Hundre år seinare er teatret tilbake der det heile starta - i Kristiansand - denne gongen i Kilden Teater- og Konserthus.

Saman med Språkåret 2013 opnar Det Norske Teatret året med eit festprogram som viser ein gjennomgang av historia til teatret og den nynorske skriftkulturen, fram til det mangfaldet av språk som pregar Noreg i dag. Kulturminister Hadia Tajik står for den offisielle opninga. Det blir nykomponert fanfare, ny prolog skriven av Jon Fosse, talar og kunstnarlege innslag frå ei rikhaldig historie. Det Norske Teatret blei skapt som ein kamparena for nynorsk scenekunst og står i dag fram som ein slagkraftig 100-åring som held fram med å slåst for det som er annleis og for kunstnarleg mot.

2013 er nasjonalt språkår. Språkåret blir ei raus, inkluderande og samlande feiring av språklege skilnader og mangfald. Utgangspunktet er Det Norske Teatrets 100-årsjubileum og at det er 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd.

Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no