BLACKBIRD
Tankevekkjande og sterkt om ulovleg kjærleik
Tolv år gamle Una hadde eit forhold til førti år gamle Ray. Femten år etter søkjer ho
han opp på arbeidsplassen. Ho har levd under ein skugge av fordømming frå omgjevnadene.
Han har sona straffa si og starta eit nytt liv. Kva skjer når ho får sjansen til å
fortelje historia frå sin ståstad? Har sanninga fleire sider?
Det Norske Teatrets mangeårige teatersjef Vidar Sandem gjer endeleg comeback til scenen i
denne kritikarhylla framsyninga. Den har alt turnert Noreg med Riksteatret, og VG meinte
at vår nye stjerne Marie Blokhus og Sandem hadde eit «Sterkt samspill» i ei framsyning
som var «direkte, usminket og nær» og trilla femmaren på terningen.
Sterk skildring
Blackbird er ein intens og tankevekkjande konfrontasjon mellom to menneske, skrive av den
prisløna dramatikaren David Harrower. I skildringa av desse to menneska og det særs
uvanlege kjærleiksforholdet deira, overskrid Harrower det ein oppfattar som rett og gale.
Stykket vil garantert setje kjenslene på prøve og utfordre grensene dine.
Strålande kritikkar
Blackbird fekk eineståande kritikkar etter urpremieren på teaterfestivalen i Edinburgh i
2005 og vart raskt sett opp i Londons West End. Mottakinga av Det Norske Teatret og
Riksteatrets oppsetjing har ikkje vore dårlegare. Stykket blir stadig sett opp av
teatersjefar over heile verda som ønskjer å gi publikum gode teatertekstar, og har fått
status som ein moderne klassikar.
Framsyninga er eit samarbeidsprosjekt mellom Det Norske Teatret og Riksteatret.
Blackbird
Av David Harrower. Omsett av Margunn Vikingstad.
Regissør: Kim Sørensen. Scenograf og kostymedesignar: Katja Frederiksen. Lysdesignar:
Chrisander Brun. Lyddesignar: Anna Sóley Tryggvadóttir. Dramaturg: Njål Helge Mjøs.
Språkleg konsulent: Ola E. Bø.
Med: Marie Blokhus og Vidar Sandem.
Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra
norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for
motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å
publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert!
Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no