EG
Ik, ich, I.
Om å vere ung i dagens Europa
Du er ung, har suksess, du er flott å sjå på og intelligent. Du er ein jeger, dei du
kastar ditt blikk på fell som fluger. Du reiser verda rundt, går på dei
hottaste festane, hundrevis følgjer deg på Twitter og du har aldri hatt ein
dårleg dag. Ingen har noko med at du somtid er drita lei av å jakte. At du aldri har
sett Dexter på TV.
At du av og til grin deg i søvn.
Med utgangspunkt i den gamle, greske myten om Narcissus og Echo, han som vart forelska i
sitt eige spegelbilde og ho som vart dømd til berre å kunne herme, har den nederlandske
dramatikaren Oscar van Woensel skrive eit stykke som rett og slett heiter Eg. Ungdommar
frå Oslo og Amsterdam har undervegs i prosessen kome med innspel og synspunkt på korleis
det er å vere ung i dag.
Regissør Jonas Corell Petersen
Den lovande instruktøren Jonas Corell Petersen har regien. Han gjekk ut frå
Kunsthøgskolen I Oslo I 2010, hadde stor suksess med oppsetjinga av Unge Werthers
lidingar her på teatret og står framfor eit internasjonalt gjennombrot med fleire
oppdrag rundt om i Europa. Han er blitt kjend for ein sterk signatur i arbeidet sitt og
blir omtalt som ein «rising star». «Gjensynet bekrefter at «Unge Werther»-regissør
Jonas Corell Petersen har et sjeldent gehør, både i forhold til komposisjon, og til å
skrelle ned til det punktet hvor teater og liv smelter sammen» meinte Aftenpostens
kritikar om framsyninga ZOO, som gjekk på teatret i fjor haust.
Europeisk samarbeid
Samproduksjonener ein del av del av det store teaterprosjektet Young Europe, eit initiativ
frå teaternettverket European Theatre Convention (ETC). Prosjektet er støtta av midlar
frå EU-kommisjonen. I tillegg til Nederland og Noreg, deltar teater frå Kypros,
Tyskland, Finnland, Frankrike og Ungarn i prosjektet.
Eg blir spelt av to nederlandske og ein norsk skodespelar både i Nederland og Noreg på
både nederlandsk og norsk, med litt engelsk drahjelp.
Ein samproduksjon mellom Toneelmakerij, Amsterdam & Det Norske Teatret
Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra
norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for
motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å
publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert!
Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no