AKTUELT / Pressemeldinger
(annonse)

Denne side publisert
23. september 2013

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Ferie og fritid
Arkiv
SØK


Uredigert pressemelding
Fra Det Norske Teatret

Kven skal lære han Ivar å lesa?

Ei bursdagsgåve til Ivar Aasen frå den meritterte skodespelarinna Rut Tellefsen:

- Vi har eit ordspråk frå dansk som seier at «beskjedenhet er en dyd». Omsett til Aasen-målet kan vi seie at «å vera smålåten er ei dygd».
Eg trur ikkje det ordtaket kunne vinne førsteprisen i ein popularitetskonkurranse i våre heseblesande dagar! Og som skodespelar kjem du vel òg lengst utan den kunnskapen.

Men skal du snakke om Ivar Aasen kjem du ikkje utanom det ordet, for han var smålåten. Og då fell du lett ut av fokus og inn i gløymsla. «Det vesle vetet det rekk ikkje langt. Ei tru må stydja oppunde» og «Dersom ikkje lærde menn som Lyder Sagen og professor P.A. Munch hadde hjelpt Aasen til å få pengar av Staten, ville han framleis ha gjett geiter og plukkat blomar på Søndmør», det sa den gode venen og kampfellen Vinje om han. - Han var no òg viden kjend som ein retteleg spottegauk. Men han var ikkje utan humor den gamle Aasen heller – og det skal du få høyre meir om når vi kjem i gang med å fortelje kven som skulle lære han Ivar å lesa!

Det har tatt meg nokre år å få sauma i hop dette opuset mitt om han Ivar – og han har vorte meg inderleg kjær, - den kjærleiken vonar eg skal smitte over på mitt publikum. Du får møte han som ein nyfiken smågut i Ørsta og kan følgje han på livsvegen både som diktar og språkforskar – og vi har ikkje gløymt songane som du skal få vera med og syngje!

Det heile er meint som ei gåve til det jubilerande Norske Teatret der eg trødde mine barnesko som skodespelar – og som ei gåve til Ivar Aasen i høve 200-årsdagen, eit edelt menneske og ein stor språkforskar!

Ver velkomne!

Rut

Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no