AKTUELT / Pressemeldinger
(annonse)

Denne side publisert
26. september 2013

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Ferie og fritid
Arkiv
SØK


Uredigert pressemelding
Fra Det Norske Teatret

Tonje Glimmerdal
Den «nye» Pippi – Tonje Glimmerdal – tar springfart og landar på Det Norske Teatrets Hovudscene 2. oktober!
Dei fleste barn har allereie eit forhold til Vaffelhjarte, og dette er teaterstykket basert på den kritikarroste og prislønna forfattaren Maria Parrs andre barneunivers. Velkommen til Glimmerdalen! Her er latter, drama, tårer og musikk – mykje å gle seg til for både store og små.

Ei jente med fart og sjølvtillit
Den tøffe jenta Tonje Glimmerdal er den einaste ungen i Glimmerdal. Ho fyller snart 10 år og lever etter mottoet «fart og sjølvtillit». Den beste vennen hennar heiter Gunnvald. Han er ein av dei eldste i Glimmerdalen og er både stri og sta. Tonje er så glad i han at det knakar i hjartet. På rattkjelkane han lager til henne suser ho frå toppane og nedover i dalen medan ho syng av full hals, og når ho vil snakke har han tid til det. Og så spelar han fiolin, så heile Glimmerdalen blir fylt av mirakelmusikk. Alle i Glimmerdalen likar Tonje, unntatt campingplass-eigaren Klaus. Han likar ikkje ungar i det heile og forbyr dei å kome til campingplassen hans. Bortsett frå det er alt fint og som det skal vere.

Løyndommen
Men så blir noko forandra. Først får Gunnvald eit brev. Så skadar han seg og må på sjukehuset. Og plutseleg forstår Tonje at det er mykje ho ikkje veit om Gunnvald. Alt blir veldig komplisert for Tonje. Ho forstår ikkje vennen sin. Ho blir sinna. Og så er det nett som om alt går litt av hengslene ei stund. Men Tonje er jo ikkje ei jente som heng med hovudet. Tonje er ei jente som veit å ta ting i eigne hender og forandrar det som er vondt til noko godt. Det er ikkje gjort på ein, to, tre. Men ho står på sitt. Ho er snart ti år gammal, og så klok og så smart at ein skulle tru ho var hundre.

Maria Parr
Maria Parr (f. 1981) blir kalla norsk barnelitteraturs nye superstjerne. Ho har blitt samanlikna med både Astrid Lindgren og Johanna Spyri; forfattaren bak Heidi. Men først og fremst skriv Parr originale og eigne bøker. Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk det store gjennombrotet med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho blei tildelt både Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Bøkene hennar er omsette til ei rekkje språk, og ho har hausta ei stor mengde litterære prisar. Vaffelhjarte er filmatisert for NRK og blei sendt i 2011, og no går Tonje Glimmerdal til scenen her på Det Norske Teatret.

Passar for barn frå fem år og vaksne.

BAKSNAKK: TONJE GLIMMERDAL – møte med Maria Parr
Onsdag 2. oktober, Bikuben kl. 17.00
Møt norsk barnelitteraturs nye superstjerne, Maria Parr. Før premieren på Tonje Glimmerdal inviterer vi til eit kort treff med dama bak den tøffe heltinna frå Glimmerdalen. Premierestemninga er sikra – men arrangementet er ope for alle som vil treffe forfattaren som fører arven frå Astrid Lindgren og Johanna Spyri vidare. Dramaturg Ola E. Bø vil leie samtalen.

Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no