AKTUELT / Pressemeldinger
(annonse)

Denne side publisert
7. november 2013

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Ferie og fritid
Arkiv
SØK


Uredigert pressemelding
Fra Det Norske Teatret

Okse og esel - ei juleforteljing

Humoristisk og poetisk for barn - med ein varm bodskap om omsorg og kjærleik.

Det er julaftan. Okse finn noko i matfatet sitt. Det ligg eit lite barn i krybba hans. Kven er det som har lagt det der? Okse vil ikkje ha det der. Han vil bli kvitt det. Esel, som bur i same stall som Okse, forbarmar seg over det vesle vesenet. - For det kan jo hende at det er Jesusbarnet?

Ekte julestemning
Okse og Esel er ein formidabel suksess og den barneteaterframsyninga som blir mest spelt på tyskspråklege scener. Norbert Ebels juleforteljing er ei annleis juleforteljing. På same tid både er det og er det ikkje historia frå juleevangeliet. Heile tida er forteljinga sett frå ein okse og eit esel sin ståstad. Både store og små vil komme i julestemning av denne vakre vesle framsyninga, som ligg langt frå kjøpesentra sin julebodskap.

Passar for barn og vaksne frå fire år.

Okse og esel - ei juleforteljing
Premiere:16.11.2013 Scene: Scene 2

Omsetjing:
Carl Morten Amundsen
Regissør:
Kim Sørensen
Lysdesignar:
Ikkje bestemt
Scenografi- og kostymeassistanse:
Mia Runningen
Dramaturg:
Carl Morten Amundsen

Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no