AKTUELT / Pressemeldinger
(annonse)

Denne side publisert
14. november 2013

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Ferie og fritid
Arkiv
SØK


Uredigert pressemelding
Fra Det Norske Teatret

Fem årstider

Med snert og innsikt kommenterer dramatikar Maria Tryti Vennerød livet og tida vi lever i.

Maria Tryti Vennerød er ein av sin generasjons mest spennande dramatikarar. Ho har dei siste tiåra markert seg som ein skarp observatør og stilsikker dramatikar. I år har ho sett seg føre å skrive seg gjennom heile 2013. Tekst-, web- og sceneprosjektet Fem årstider har gjennom året resultert i fleire teaterstunt rundt omkring, og 21. november skal desse tekstane bli sett i saman til ei heilaftans teaterframsyning. Du kan lese alle tekstane på Fem årstider-bloggen.
Tekstane blir òg publisert i Klassekampen med illustrasjonar av kunstnaren Knut Løvås.

MINISTER OM AUTORTÆRE REGIME
Vi støttar våren
Og for den del:
Sommaren
Det er hausten vi ikkje aksepterer

Les heile teksten.

Rått og spontant
- Drivkrafta bak prosjektet er ønsket mitt om å forhalda meg aktivt til samtida, nærmast på dagleg basis. Dei hyppige tekstane og den korte vegen til publisering – og iscenesetjing – gjer det mogleg å skrive rått og spontant. I botnen ligg spørsmålet som gjennomsyra alle arbeida mine, om i kva grad det er mogleg å ta skikkeleg ansvar for sitt eige liv, og kva det i så fall ville innebera. Det vere seg i små eller store spørsmål, men i Fem årstider er det offentlege ordskiftet ofte utgangspunktet, seier Maria Tryti Vennerød til repertoarmagasinet Bakteppet.

Fem årstider
Regissør Maren E. Bjørset vil for kvar årstid: VINTER, VÅR, SOMMAR og HAUST setje i scene tekstar frå dei siste månadene. Tid og stad blir annonsert. Teaterinstallasjonane i serien Fem årstider blir gjort kjend nokre dagar før - og dei kan ta plass kor som helst utanfor teaterhuset. Det vil bli avvikla to slike teaterstunt i haustsesongen før premieren til heilaftansframsyninga 21. november.

For kvar årstid vil Klassekampen trykkje utdrag frå tekstane, med illustrasjon av Knut Løvås.

PÅ SCENEKANTEN
Onsdag 21. november (urpremieredagen)
Møt Maren E. Bjørseth umiddelbart etter framsyninga er over inne i salen.

Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no