AKTUELT / Pressemeldinger
(annonse)

Denne side publisert
17. februar 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Ferie og fritid
Arkiv
SØK


Uredigert pressemelding
Fra Det Norske Teatret

Røvarane

Menneska blir desperate når dei oppdagar at dei er i ferd med å miste makta over livet sitt.

Jonas Corell Petersen går i gang med nok eit tysk klassikarmateriale. Sist var det Goethes Werther, no er det Schillers ungdomsstykke Røvarane som er utgangspunktet for Petersens innfallsrike regi. Med seg som scenograf har han Nia Damerell, som er ein sentral medspelar i Petersens oppsetjingar. I vår fekk dei Heddaprisen for årets barne-og ungdomsframsyning for eg/ik/Ich/I. Deira vågale omgang med Goethes Unge Werthers lidingar i 2010 gjorde stoffet tilgjengeleg for eit yngre publikum og var utgangspunkt for ein større teaterdebatt. Vi er spende på om Røvarane av Schiller kan skape same engasjement blant publikum.

Sjalusi mellom brør
I Røvarane møter vi den unge filosofistudenten Karl Moor, som har ei bekymringslaus studietid med kompisane; farens formue sikrar likevel framtida. Broren Franz er sjalu og lykkast både i å vende faren mot Karl og i å stikke av med kjærasten hans. Karl blir desperat, samlar ein bande røvarar som kjempar for fridom og rettferd. Men ikkje alle i røvarbanden har gode formål.

Ungdomsstykke
Friedrich Schiller (1759-1805) er ved sida av Goethe den store klassiske søyla i tysk litteratur. Han var berre 22 år da han skreiv denne klassikaren som handlar om menneske som blir desperate når dei oppdagar at dei er i ferd med å miste makta over livet sitt. Eit viktig aspekt ved stykka til Schiller (Don Carlos, Maria Stuart, Wilhelm Tell m.a.) er konfliktar knytte til identitetsproblematikk, individet versus makta og samfunnsordninga, opprøret mot det beståande. Røvarane er eit ungdomsverk av Schiller som han truleg byrja å arbeide med alt som syttenåring. Fem år seinare, i 1782, blei stykket uroppført, og det skapte galehusliknande tilstander i teatret. Folk hylte og skreik, knytte nevane, framande fall gråtande om halsen på kvarandre, somme svima av, og folk snakka om opplevinga i årevis etterpå.

Røvarane
Premiere:21.02.2014 Scene: Scene 2 Speletid:Ikkje avklart enno Pris: Kr 320 av Friedrich Schiller

Omsetjing: Ragnar Hovland

Regissør:
Jonas Corell Petersen
Scenograf:
Nia Damerell
Kostymedesignar:
Thale Kvam Olsen
Musikkansvarleg og lyddesignar:
Gaute Tønder
Lysdesignar:
Øyvind Wangensteen
Dramaturg:
Mari Moen

Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no