AKTUELT / Pressemeldinger
(annonse)

Denne side publisert
10. mars 2014

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Pressemeldinger

Artikler

Kultur og samfunn
Ferie og fritid
Arkiv
SØK


Uredigert pressemelding
Fra Det Norske Teatret

Det merkelege som hende med hunden den natta

Mark Haddons bestseljar frå 2003, Det merkelege som hende med hunden den natta, er dramatisert og blitt den store teatersnakkisen.
Vi er stolte av å ha noregspremiere på stykket som har fått heile 7 Olivier Awards i Storbritannia og som for tida går for fulle hus på Betty Nansen Teatret i Danmark. Det er ei vakker teaterhistorie om ein gut som er annleis, men med kjensler og draumar som alle andre. Her er ingen skurkar, berre vaksen tankeløyse og uforståelege handlingar gjord i beste meining.

Hundemordet
Christopher er ikkje som andre femtenåringar. Han har Aspergers syndrom, han likar ikkje at folk tar på han, seier alltid sanninga og går på spesialskole. Men han er uvanleg god i matematikk, veldig opptatt av stjernehimmelen, har ei rotte som heiter Toby og er svært glad i hunden til fru Shears. Ikkje rart at han blir heilt ute av seg da han ei natt finn hunden død på plenen utanfor huset hennar, spidda av eit hagegreip. Han bestemmer seg for å etterforske drapet og kjem på sporet av sanninga om sin eigen familie.

Det merkelege som hende med hunden den natta
Premiere:13.03.2014 Scene: Scene 3 Speletid:Ikkje avklart enno Pris: Kr 210 av Mark Haddon

Dramatisert av Simon Stephens

Omsetjing: Jon Fosse

Regissør:
Trine Wiggen
Dramaturg:
Ola E. Bø

Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert! Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no