Trost i taklampa
I høve 100-års jubileet for Alf Prøysen kjem Trost i taklampa no i ei ny dramatisering
av Kristin Auestad Danielsen.
Trost i taklampa er Alf Prøysens einaste roman og den var ein enorm salssuksess.
Dramatiseringa av romanen frå 1952 blei også ein hit og redda teatrets økonomi. Men det
er ikkje musikalversjonen av Trost i taklampa som står på repertoaret på Scene 2 i
vår. Boka er ei sjeldan kraftfull skildring av dei kompliserte prosessane som driv
konflikten mellom by og land. Trost i taklampa har blitt sett opp som teater og musikal,
og boka har og blitt filmatisert.
Flukta frå bygda
Det er midt i blåklokkevikua, sola skin nesten døgnet rundt, neper skal plukkast, rygger
sveittar, planar for laurdagen skal leggjast. Gunvor Smikkstugun (Charlotte Frogner) har
flytta til byen og fått seg jobb. No kjem ho heim til bygda på ferie, og ho gler seg til
å sjå att familie og gamle vener og uvener. På same tog sit òg Lundjordet (Hallvard
Holmen), som har vore tenar på Smikkstad, men er no ein kjend diktar. Han skal halde
foredrag om «flukta frå bygda».
På scenekanten
4. og 23. april kan du møte hovudrolleinnehavar Charlotte Frogner umiddelbart etter
framsyninga til ein uformell samtale.
Trost i taklampa
Premiere:28.03.2014 Scene: Scene 2 Speletid:Ikkje avklart enno Pris: kr 320 av Alf
Prøysen
Dramatisert av Kristin Auestad Danielsen
Regissør:
Cecilie Mosli
Scenograf og kostymedesignar:
Mia Runningen
Lysdesignar:
Per Willy Liholm
Lyddesignar:
Ikkje bestemt
Dramaturg:
Carl Morten Amundsen / Ingrid Weme Nilsen
Musikkansvarleg:
Svenn Erik Kristoffersen
Teaternett formidler uredigerte pressemeldinger fra
norsk og internasjonalt teater. Teaternett mottar ingen betaling eller andre former for
motytelser for denne tjenesten. Vi forbeholder oss retten til uten forklaring å
publisere, eller la være å publisere innkomne meldinger. Hjelp oss å være oppdatert!
Ønsker ditt teater å formidle noe - send oss en pressemelding!
Vår epostadresse: teaternett@teaternett.no