Walter Charles Dance. Fødd 10. oktober
1946 i Redditch, Worcestershire, England. Skodespelar i teater og film, forfattar av
filmmanus, filmregissør. Dance gjekk på Widey Technical School for Boys
i Crownhill. Han vart uteksaminert frå the Plymouth College of Art og la
opp til ei karriere innanfor grafisk design før han valde å byrje som skodespelar.
Charles Dance.
Juli 2012.
Foto: Commander Idham.
WikiCommons
Dance vart medlem av the
Royal Shakespeare Company (RSC) og har teke del i mange av
produksjonane i London og Stratford-upon-Avon frå midten av 1970-talet. Dance har også
vore med på ei lang rekkje sceneproduksjonar ved andre teater.
Eit utval av Dance sine sceneroller: Badger i Toad of Toad Hall
(1971), Wat Dreary i The Beggar's Opera av John Gay (Chichester Festival Theatre 1972), Philip
i The Taming of the Shrew av Shakespeare
(Chichester 1972), Soliony i Three Sisters av Tsjekhov (Greenwich Theatre 1973), Fortinbras
og Reynaldo i Hamlet (RSC 1975 og
1976), tittelrolla i Henry V av Shakespeare (RSC
1975), Prince John of Lancaster i Henry IV, Del
1 og Henry IV, Del 2 (RSC
1975 og 1976), Oliver i As You Like It (RSC
1977 og 1978), tittelrolla i Coriolanus av Shakespeare (RSC
1989 og 1990), Vershinin i Three Sisters (Birmingham
Rep, 1998), James Tyrone i Long Day's Journey into Night
av O'Neill (Lyric Theatre
2000) og C. S. Lewis i Shadowlands (Wyndham's
Theatre 2007 og Novello Theatre 20072008).
Dance har teke del i ei omfattande rekkje film- og fjernsynspoduksjonar. Nokre døme er Claus
i James Bond: For Your Eyes Only (1981), D. W. Griffith
i Good Morning, Babylon av Taviani-brørne (1987), Erik
i The Phantom of The Opera (1990), Jonathan Clemens i Alien
3 (1992), Ralph Nickleby i The Life and Adventures
of Nicholas Nickleby (2001) og Lord Stockbridge i Gosford
Park (2001).
For norsk publikum er Charles Dance mest kjend i rolla som Tywin Lannister
i HBO-serien Game of Thrones (2011-2014).
Teaternett arbeider med å bygge opp en database over teaterfaglig stoff, begreper og navn
under overskriften teaterleksikon. Send oss også gjerne tips! Vår adresse er: teaternett@teaternett.no