AKTUELT / Nyheter
(annonse)

Denne side publisert
16. oktober 2005

HOVEDSIDE
Om Teaternett
AKTUELT
Nyheter
Meldinger
I mediebildet
Artikler

Arkiv
SØK



Harold Pinter fekk NOBELPRISEN

Overrasking og glede er reaksjonane i norsk og internasjonalt teatermiljø på meldinga om at skodespelaren og dramatikaren Harold Pinter har fått Nobelprisen i litteratur for 2005.

- I sine drama legg Harold Pinter åpen kvardagems avgrunn, og med teksten sin tvingar han seg inn i livets lukka rom, sa Horace Engdahl ifylge Aftenposten, da han avslørte vinnaren av Nobelprisen i litteratur for 2005.

Smør i kjeften
Meldinga om prisvinnaren skapte spontan glede i Nationaltheatret, der dei øver for fullt på Pinter-stykket Ashes to Ashes, som har premiere 29. oktober.
- Tekstane hans er som smør i kjeften, seier skodespelaren Bjørn Floberg om Pinters- tekstar  til Aftenposten. Kollega Gisken Armand føyer til: - Stykka hans er ekstremt god litteratur, ikkje berre dramatikk.

Teaterregissør Kjetil Bang-Hansen er også godt fornøgd:
- Det er ei stor glede for teatret at Nobelkomiteen gjev prisen til ein dramatikar, som søkjer å fange den moderne røyndomen, seier han til Aftenposten.

Politisk engasjert
Pinter, som fylte 75 år berre nokre dagar før pristildelinga, er kjent for sitt samfunnsengasjement.
- Eg har skrive skodespel i 50 år og er ganske politisk engasjert, seier han ifylgje Dagbladet. - Eg er imidlertid sterkt engasjert i kunsten og sterkt engasjert i politikk. Nokre gongar møtes desse interessene, nokre gonger gjer dei det ikkje.

Det er berre åtte år sidan ein annan skodespelar og dramatikar, italienaren Dario Fo, også fekk Nobelprisen i litteratur.

Relaterte linker:
Ordløs prisvinner Av Mie Sundberg. Nrk.no 14.oktober 2005
Harold Pinter fikk litteraturprisen Av Mie Sundberg og Lisa Kristin Strindberg. Nrk.no 14.oktober 2005
Nobelvinner Av Sven Ove Bakke, Maria Børja, Simen Ekern, Terje Mosnes og Jan Tystad. Dagbladet, 14.oktober 2005
Fulltreffer for teatret Av Marie L. Kleve. Aftenposten, 13.oktober 2005
-- Endelig! Av Atle Syvertsen. Aftenposten, 13.oktober 2005
Pinter overrasket og rørt Av Hilde Harbo. Aftenposten, 13.oktober 2005
Verdig vinner Av Terje Stemland. Aftenposten, 13.oktober 2005
Teaternetts teaterleksikon: Pinter, Harold


NYHETER  MELDINGER

Teaternett formidler nyheter fra norsk og internasjonalt teater. Hjelp oss å være oppdatert! Skjer det noe der du er - send oss et tips! Vår epostadresse:  teaternett@teaternett.no